tirsdag 4. september 2012

MINE PERIODER


Eg har mine perioder. Mange og ulike. Lange og korte.  Dei kan variere med årstidene, men ikkje alltid. Haust er gjerne strikke- og lesetid. Andre er kryssord- , skrive,- og  reise- tur- oppleve-perioder, og mange, mange fleire. Latmannsperioder kan kome brått og uventa. Stunder  tilsynelatande utan innhald då eg glor uti lufta, tenkjer, eller mediterar, som det kallast notildags. Det er lov, men helst likar eg å sysle med eitkvart, helst noko nyttigt. Sureperioder, der eg dett nedi «kjellaren» og tek ei sjølvmedlidande stund, tillet eg meg også.  Åååhh, kor eg mislikar desse manisk positive med klistresmil og svarte augehol, som terpar: be happy – keep smiling, say cheeeese, anyhow. Slik er vi berre ikkje skapte, meinar no eg. Vi er menneske med pluss og minus.
Akkurat no dominerar strikke- og leseperioden meg. Ja, eg KAN begge deler samstundes. Eg har nettopp pløgd ei bok med eit høgaktuellt emne: kreftsjukdom, forfatta av amerikanske Jean Craig, som har levd med to kreftsjuke ektemenn. Korleis dei m.a. vert møtt av helsepersonell, er både positivt og negativt. Ikkje ulikt det norske systemet. "Farvel, min elskede", er herved anbefalt. Neste bok, er "Blomstenes hemmelige språk" av Vanessa Diffenbaugh. Den gler eg meg til. Ei grøn pute er ferdigstrikka og eit par spiralsokkar er halvferdige, medan eg visualiserar layout og motiv til årets julekort. Kan eg vere inne i ei produktiv periode, tru?
PERIODO = PERIODE

Ingen kommentarer: