lørdag 7. april 2012

TIDA KJEM...

..seiest det. Sjølv synest eg tida går frå meg.
2 påskefridagar har gått med til naudsynt reingjering i heimen. OK, eg kunne sjølvsagt gitt blaffen, men nervane mine har ei tolegrense av veksande lodottar i krokane, og eg er ganske hardhuda soleis. Derfor tok eg reingjeringa fatt i takt med solstrålane som glitra bortetter nylagd påskesnø. Det var liksom so lyst og fint, og ein full April-måne over snødekte fjell.  Eit mektig syn i seg sjølv.  Så la vi no ta tida som den kjem. Har vi noko val, forresten? Gledesglimta, derimot må vi sjølve sjå.. CHARA  = GLEDE

Ingen kommentarer: