mandag 19. mars 2012

Lunefulle Mars

Bess som vi prislovar våren i kjømda, vert vi like forbina kvart år når store, våte snøflak fell over oss og dekkjer mark og veg i Mars månad. Vårmånaden!! Verst synest eg det er å bli vitne til at vevre blomar som krokus, påskeliljer, snøklokker m.fl.  vert dekte av kald og tung snø. Skjønt dei pressar seg opp og fram mot lyset, uansett. Har vi noko å lære her?  Absolutt!!
Optimistane som har skifta til sommardekk, ja for vi har sanneleg slite piggar heile vinteren på bar asfalt, fekk seg ei ukjekk oppleving denne mandagsmorgonen.
Vi oiar og ber oss – men trøystar kvarandre med at det vert ikkje liggande. Snøen altså. Nei den kan umulig det, for det er då vår ifylgje kalendaren. Like fullt, husk at Mars månad har alltid vore ustabil og lunefull.
MARTIOS = MARS, MINA = MÅNED

Ingen kommentarer: