torsdag 3. mai 2012

Eg saknar...



kjøkenhagen min på Kreta..ja, min sann det gjer eg. Å kunne stikke utfor døra og plukke tomat, agurk, løk, paprika eller kva det måtte vere, til dagens salat, var so sjølvsagt at eg fyrst no skjønar verdien av sjølvdyrka frukt og grønt. Ei full korg av grønsaker og viltveksande urter, sanka eg lett kvar dag. Supermarknaden med sin bugnande grøntdisk av importvarer som har gjennomgått ukjendte prosessar av sprøyting, hormongjødsling og kunstig belysning, kan aldri konkurrere med ein velstelt kjøkenhage.
Husbonden er familiens optimist. No har han pløgt opp alt grøntareal kring heimen.  Svarte moldklumpar ligg strødd overalt, både inne og ute. Her skal det dyrkast, proklamerar han med gresk solskin i augene. Han ritar opp: bønner, spinat, raudbet, reddik, løk, tomat…..
Eg kan ikkje dy meg for å strø litt malurt i all optimismen: kretisk, kontra sunnmørsk klima og jordsmonn, er som Sahara og Nordpolen…Han let seg ikkje affisere og pløger vidare.
Eg gret ei lita tåre over min kretiske kjøkenhage som no ligg brakk, og sender ei bøn til vergudane om ein varm og grøderik sunnmørsk sommar...
PERIVOLI = HAGE

Ingen kommentarer: