mandag 12. mars 2012

NÅR EIN IKKJE FÅR..

..det ein vil ha, må ein ta det ein kan få. Og eg har både fått og teke imot masse jobb. Ja meir enn eg kan gape over, faktisk. Nokon draumejobb er det ikkje, men særdeles viktig og utfordrande. Eg jobbar seint og tidleg, kvardag som helg. Draumejobben heng likevel framfor meg ein stad, det er eg viss på. 
Skjønt kombinasjonen layout/skribent-arbeid veks ikkje akkurat på tre her ikring.
Då eg fylgde hjartet for over 25 år sidan, kutta ei veksande karriere som grafisk formgivar og flytta til Kreta, datt eg hardt og brutalt av lasset. Det har vore tøft å hente seg inn att i gamlelandet i vaksen alder. Likevel ville eg aldri ha vore desse åra foruten. Rike år. Utfordrande på godt og vondt. Her tok eg også fatt på skrivinga, og attendemeldingane har vore berre positive. Eg er litt potet, trivst godt i ulike jordsmonn og kan nyttast til det meste. Og det er eg veldig takksam og glad for!!
DOULIA = ARBEID

Ingen kommentarer: