To påminningar om at påska er i emning, har eg fått siste dagane. Den turre visne kaktusen som står i glaskarmen har teke til å skyte knuppar i vilden sky. Om det er dei fyrste solstrålane si belønning, eller at det rett og slett er spiretid, veit eg ikkje. Eg er iallfall ikkje å takke, potteplantene mine er direkte vanskjøtta. Men gler meg gjer eg, uansett, soklart. Dessutan var det plassert ein nydeleg påskeliljekrans utfor døra mi, då eg kom att frå weekend-tur. Nok ei fin overrasking og påminning om påske. Snart. Eg skjøna kven som hadde kreert kransen. Dotter mi, blomsterdekoratøren in spe.
Heldige meg. Fuglane kvitrar. Temperaturen er fin. Vårstemning og veksande energi. Ei herleg tid!!
ANEKSI = VÅR. PASKA = PÅSKE
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar