mandag 6. februar 2012

VENNSKAP

Vennskap har vore analysert og beskrive i det uendelege. At det er viktig med gode venner, ja nærmast livsviktig, veit vi alle. Venner kjem og går, men nokre fylgjer deg heile livet, kjenner deg frå barnsbein av og de deler ting og tankar som ikkje ein gong din intime partnar har evne til å skjøne eller kan ta del i. Dette er hjartevennskap. Venner kan også vere meir perifere. Det oppstår god kjemisk kontakt. De deler mangt og mykje, men ikkje alt. Ein slik venn er vel så verdifull og de gir kvarandre mykje glede i livet. Venner dett også vekk, utan særskilt grunn. Vennskapet har «utspelt» si rolle. De har kanskje ikkje meir å tilføre kvarandre. Det kan kjennest trist eller du/de kjenner ingenting. Det berre vart slik.
Vennskap er to-sidig. De lyttar, gir råd og trøst, kvar sin gong. Ein sann venn stiller opp når det trengst. Ein sann venn let seg ikkje utnytte, då vil han dra seg unna, og du har mist ein verdifull skatt.
FILIA = VENNSKAP, FILOS/FILINADA = VENN/VENINNE

1 kommentar:

Ruth Elin sa...

Veldig bra skrevet Anne. Selv om ikke vi sees så ofte, så ser jeg på deg som en venn :-).
Takk for at jeg fikk lese dine betraktninger om vennskap.