Eg har ei dragning mot artige ord og setningar. Lik ein filatelist samlar eg på dei, lagrar dei, studerar dei, deler dei og brukar dei om att. Ein frimerkesamlar har merker frå heile verda. Eg søkjer også framande ord. Språk er ei anna interesse eg har, skjønt her har eg enno mykje å lære.
Ord verkar inn på kjenslene våre. Ord og setningar kan gjere oss glade, triste, sinte og..ja gira og opplagde. Formulering av setningar er viktig for målgruppa skribenten vil nå og kjenslene han vil vekke. Dette veit den erfarne skribent/forfattar alt om.
Ord har makt. Skrivne ord er meir kraftfulle enn talte ord. Dei varer lenger.
For meg er humor noko av det viktigaste i livet. Derfor prøvar eg flette inn humor både når eg snakkar og når eg skriv. Som oftast vert det vel motteke. Ikkje alltid. Vi er alle forskjellige..
Eit av dei fyrste orda eg lærte på gresk var KAREKLA. Det høyrdest so ustyrteleg morosamt ut at eg hadde ingen vanske med å huske det. Ordet er so inderleg fjernt ifrå andre språk, det kan ikkje assosierast med tydinga i noko anna språk. Eg har hatt mykje moro med akkurat det ordet.
-finn deg ein karekla og sett deg, har eg sagt, og opplevd mange uforståande ansiktsuttrykk.
Kva KAREKLA betyr? Rett og slett: STOL.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar