lørdag 4. februar 2012

DET LYSNAR..

Har du også lagt merke til det? Morgonane HAR blitt lysare. Dagane HAR blitt litt lengre.
Ja det kjem sjølvsagt litt an på veret. Grått eller skyfritt. Men det HAR lysna. Eg gler meg iallfall over kvar ein litt lysare morgon. Å sitje ved kjøkenvindauget med ei varm kaffikrus ein tidleg morgon og fylgje dagen som lysnar i aust, er for meg dagens godstund. Vi er inne i ei fin tid. Berre tanken på at kvar dag vert lysare, gjer iallfall meg lett til sinns. Vi nordbuarar dyrkar lyset kanskje meir enn noko anna folkeferd. Vi tel dagane til sola snur, held lysmesse og feirar sollyset i ymse festformer. Her eg bur taper eg solskinet frå midt i november til midt i februar. Innimellom har eg kika mot buplassar som har sola heile vinteren. MEN: sommarstida har eg solskin frå tidleg morgon til seint på kveld, når andre har skugge. I grunnen bra rettvist fordelt, tross alt.
Eg saknar soldagane på Kreta innimellom. Kvar plass sine pluss og minus. Å sjå lyspunkta her og der er likevel viktigast.

FOS = LYS

Ingen kommentarer: