I dag er det hustre og grått, men det bles idet minste. Naturen rører på seg. Eg likar det. Stillstode likar eg dårleg, både på eine og andre viset. Eg ser at Apollo har sett Plakias på sommarmenyen og får opp eit minne frå sist sommar, nettopp i Plakias. Etter ei ufrivillig overnatting, grunna ein båt som ikkje gjekk vidare til Gavdos, stod eg tidleg opp den morgenen med kun ein tanke i hovudet: Kaffi. Eg fann omsider ein strandkafe som nett hadde opna. Ein dautrøytt kelnar, som sikkert nett hadde lagt seg, for så å stå opp att til ein ny jobbdag, serverte meg straks kaffikoppen med eit smil. Eit smil og ein kaffikopp. Meir skulle det ikkje til. Morgonstunda var berga.
Eg kunne nyte sola som steig på himmelen over det Libyske hav. Slurpe svart sterk kaffi og fylgje ein sovande landsby vakne sakte til liv. Døsige bylgjer slo taktfast mot stranda. Hjartet roa seg og ein indre fred senka seg i kroppen.
Eg har ofte sagt at eg ynskjer ein liten, enkel bustad på sørsida av Kreta. Her finnst det reinaste, blåaste og klaraste vatnet. Det er forunderleg nok kaldare enn på nordsida, men herleg friskt. Frå Plakias kan du vandre turar langs stranda mot Damnoni eller Souda. Fjellsida er også innbydande for den klatreglade. Om sjøen ligg flat, går båten til den upolerte øyperla Gavdos. Vel verdt ein tur, men du må avsetje eitpar dagar. Sørsida er etter mi meining Kreta på sitt beste og herved anbefalt.
KALO TAXIDI , KALES DIAKOPES = GOD TUR, GOD FERIE
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar