…er som kjent 2. søndag i februar. I Hellas og fleire andre land er morsdag 2. søndag i mai. Eigentleg rett, utifrå den opprinnelege morsdagsfeiringa som Anna Marie Jarvis starta i 1905.
Å bli mor er mine aller største opplevingar i livet. Å setje eit nytt lite menneske til verda, overgår alt ein elles har skapt eller medvirka til.
Fire gongar har eg opplevd det. På morsdagen minnest eg alle desse fire store hendingane i livet mitt. Ulike fødslar og ulike born, ser eg, etter kvart som dei har vakse opp, men dei er syskjen, og EG har bore dei fram. Som mor er eg stolt og glad for det.
Å vere mor er eit stort ansvar. Ei mor vil som oftast automatisk bli seg morskjensla og –ansvaret bevisst. Urkreftene vaknar. Omsorg og forsvar, likeeins. Slik er vi mødre skapte. Og ingenting varmar eit moderhjarte meir enn å sjå borna sine kome seg opp og fram i livet, at dei har det bra og at andre anser dei som lysspreiarar også. Attendemeldingar frå dei same borna, på morsdagen, kjennest utruleg godt. Takk born!!
IORTI TIS MITERAS = MORSDAG
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar