tirsdag 6. september 2011

KVIFOR NYNORSK?
Ja kvifor ikkje? Nynorsk er ein del av min identitet. Eg har vokse opp med nynorsk, lært og pugga det i skulen. Eg  likar nynorske ord og vendingar, eg er stolt og glad over å ha nynorsk som skrift- og tale språk, og eg  uttrykkjer meg aller best på nynorsk. For meg er det viktig.
Kvart språk har sin rikdom. Du har sikkert opplevd at oversetjing av god poesi eller ein god vits frå engelsk, tysk eller gresk til norsk får ei heilt anna tyding. Poenget vert borte, fordi ordet(a) ikkje finnst på det andre språket.
Tenk deg berre Den fyrste song eg høyra fekk eller Gud signe vårt dyre fedreland på bokmål!! Det kling berre ikkje. Nynorsk er ein viktig del av den norske kulturarv. Nynorsk er eit pluss i nordmenn sin uttrykksmåte, sjølv om det vert harselert med. Vi treng det og må bevare det. Vi vert eit språkfattig folk foruten.

Ingen kommentarer: