mandag 29. august 2011

4 firkløver

...og ein 5-kløver, fann eg i veggrøfta på min korte morgontur.  Må bli 4-dobbel lukke idag då, tenkte eg. Kva 5-kløveren tyder, veit eg faktisk ikkje. Den er iallfall meir sjelden, og blei også plukka. Eg tok til å fundere litt på kva  lukke eigentleg er? Denne gode kjensla ein får ofte eller innimellom. Ofte tek eg meg i å studere katten. Han verkar lukkeleg. Rullar seg fram og attende på ryggen, eller gnir seg inntil føtene mine og purrar av pur...ja pur lukke over slett ingenting - berre  over å vere til. Livslukke. Og det er smittsamt. Eg vert også glad over å sjå denne ubetinga lukka berre ein katt kan uttrykkje.
 Å vere prissett er også ei lukke. Anten for ei utført oppgåve, ei god gjerning eller berre for å eksistere, og å ha nokon som elskar ein uansett. Om det så er berre ein katt, eller ein hund eller...Vår eiga lukke smir vi berre sjølve. Det trur eg på. Lukke til !!

Ingen kommentarer: