torsdag 29. september 2011

EIN FANTASTISK DAG

Lav haustsol, over 20 grader, varm føhnvind frå sør og ein flott kleturk. Vert heilt forbina og veit liksom ikkje korleis ein skal bruke ein slik sjeldan dag. Ta seg fri frå jobb, gå på tur, slappe av heime, vaske klede og lufte..Eg likar vinden. Kan det vere Sirocco frå Sahara som har sveipa innom våre nordlege breiddegrader? Denne varme gode vinden eg huskar frå Kreta, som alle greske husmødre hatar fordi den fører med seg raud ørkensand som legg seg absolutt overalt. Blandast den med regn er det duka for totalreingjering. Torsdag 29. september 2011 var iallfall ein fantastisk dag, som ei gåve frå Oven. Vi trong den etter alt det våte og vi lever lenge på denne dagen. Vi er Sunnmøringar!!

Ingen kommentarer: