søndag 6. november 2011

LOTO', SHARONFRUKT, DADDELPLOMME, KAKI ELLER PERSIMON

På Kreta har vi eitpar Loto’-tre. Fruktene minner om velvaksne tomatar og er søte på smak. På denne årstida har alt bladverket dotte av og dei oransjegule «tomatane» heng att på treet. Eit pussig syn. I butikken her kallast deI Sharonfrukt, og skal kome opprinneleg frå Israel, oppkalla etter Sharondalen der dei dyrkast frå 1980-talet. Sharon er ei foredling av den opprinnelege Kakifrukta som er eit av verdens eldste dyrka frukttre i Kina i over 2000 år, og tilhøyrer Ibenholttrefamilien. Forskjellen på Sharonfrukt og Kaki er at Sharon ikkje inneheld garvesyre. Elles er frukta rik på A- og C-vitamin samt noko kalium. Andre namn er Persimon, Daddelplomme, Kaki, og som sagt Loto’, på Kreta. Må ikkje forvekslast med lotusfrukt som er noko heilt anna.

Ingen kommentarer: