tirsdag 12. juli 2011

MATFAVORITT PÅ KRETA

Spør du ein kretenser om yndlingsretten sommarstid, vil du sannsynlegvis få VLITA til svar. Like sannsynleg seier det deg ingenting.  Og det skal i sanning seiast at det ser noko stusseleg ut når du får det servert. Men det er kjempegodt i sommarsvarmen.
Vlita veks villt i kultivert jord og er rik på vitaminer og mineraler. Også kjend i Ayurveda medisin. Ein nappar av dei øvste skota/blada og kokar dei med potet og gjerne små squash. Serverast med salt, sitron, olivenolje og gjerne raspa rå kvitløk over + brød sjølvsagt. Grekarane et brød til alt.

Ingen kommentarer: