Sommarferien er over oss med all sin vold og velde, alt etter som.Katten, hunden, undulaten eller kva ein no har kjælt med gjennom vinteren vert uthivd. Forkasta. Slike hindringar for ferien vert effektivt ekspedert på ymse fantasifulle måtar. No skal det kosast, nytast, solast, festast og sexast. Ikkje minst det siste. Mange dregst mot varmare strøk. Ingenting gale med det. Etter regnfylte veker er det fullt forståeleg. Det som er mindre forståeleg er kva som skjer med somme, eg seier ikkje alle, når dei landar i Syden. Gløymd er kjærast, kjerring, mann…ja tilmed born!! For kva les ein ikkje i nyhendeavisene, som knappast er til å tru: born som vert overletne til seg sjølve i framande land og på ukjende stadar. I Syden drikk ein seg snydens og vert lett eit syndens offer, om ein framstår aldri så heiderleg heime i skikkeleg-landet Norge. Det vere seg bråtøffe, umodne ungdomar, sidmaga mannssjåvinistar, eller halvgamle lærarinnehurper som representerar høg moral og rettvise i heimlandet, alle fell dei som råtne eple i ferierusen og legg seg ned, ved, eller på, nær sagt alt som byr seg. Forunderlege greier dette. Kan ein skulde på fylla, berre, eller er det skjulte sider som dukkar opp når ein forflyttar seg langt heimanfrå der ingen kjenner oss?Mahatma Gandhi såg ei kobling mellom menneske og dyr som er treffande: the greatness of a nation and its moral progress can be judged by the way its animals are treated..som igjen kan minimerast slik: måten kvar einskild av oss behandlar dyr på, avslører oss også som menneske. GOD FERIE!!
torsdag 14. juli 2011
KVA SKJER I FERIEN?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar