mandag 25. juli 2011

TANKAR TIL EI MOR


Vi har opplevd det største i livet: å bli mødre! Vi tittar ned i eit raudt, skrukkete lite babyansikt, og synest det er verdens nydlegaste, og at vi utvilsomt har tilført verda eit nytt fantastisk, lite verdifullt menneske. Vi kjenner oss unike, sterke og verdifulle. Vi har født eit nytt liv!! Gløymde er  fødselssmerter, svangerskapsvanskar og bekymringsfulle tankar om barnet er friskt. Gratulasjonar, helsingar og gode ynskjer for mor og barn strøymer inn. Alle i nærkretsen gler seg. Og slik skal det vere. Mor går kanskje inn i ammetåke, fødselsdeppe, våkenetter med kolikk osb. , men ho set barnet framfor seg sjølv, som oftast. Og slik skal det også vere. Vi er mødre, omsorgsinstinktet ligg i genene våre. I vårt veletablerte samfunn får vi som oftast også hjelp, om det er naudsynt. Heldigvis.
Mor fylgjer opp barnet etter beste måte. Kanskje må ho gjere det åleine fordi far sviktar, uansett gjer dei fleste mødre sitt beste for borna dei har sett til verda.
Kor ufatteleg stor og tung vert derfor sorga som legg seg nedover ei mor når barnet sklir utpå den værst tenkelege veg? Ingen kunne vel setje seg inn i tanken at eit barn som blei født inn verda 13. februar 1979 skulle ta fleire titals medmenneske UT av verda 22. juli 2011. Korleis kunne det skje? Kvar har eg svikta som mor?  Ein naturleg og absurd tanke, som eikvar mor  stiller seg når barnet «fell utfor». Men ei mor er diverre ikkje åleine om barnet si utvikling. Nærmiljø, skule og samfunnet ikring spelar ei veldig viktig rolle. Spørsmåla er  mange, og tilfredsstillande svar vil nok aldri kome i dette livet. Likefullt: hendinga må vere ein nasjonal/internasjonal tankevekkjar om korleis vi vil ha det i framtida. Universielle grunnverdiar kring menneskeverd, miljø og  levevilkår må kome på agendaen..og ikkje berre som tomt prat, men som bevisst handling.

Ingen kommentarer: