So pakkar eg sekken igjen og gjev meg ut på reise mot ukjent mål, slik eg gjorde det i 20-åra. Berre at den gongen var det spennande og lysbetont. Denne gongen er det ikkje. I ein alder av 72 år, slagramma og einsleg vert eg tvungen til å finne meg ein ny heimstad. Banken har sørga for å ta frå meg alt eg eig. Eg hadde alt og miste alt...eg forstår enno ikkje korleis det har gått for seg. Det veit berre banksjefen som aldri kalla meg inn til møte, eller torde sjå meg i augene, men kort og kaldt sendte meg oppsigelse pr mail. Eg har prøvd å protestere, be om eit svar, men når ikkje fram.
NAV? Nei Nav kan ikkje hjelpe, seier dei. Ikkje skjønar eg her heller kvifor. Men lurer på, i mi "stygge" tankar, om grunnen kan vere at eg ikkje er flyktning? Framtida ser ikkje lys ut, men eg har ikkje noko val anna enn å satse på at lukka står meg bi, at eg finn ein stad eg kan slå meg til ro siste åra av levetida mi.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar