lørdag 13. august 2022

FRAMTIDA??

 

barbeint i matfatet

Eigentleg hadde eg slutta å sjå på TV. Dagsrevyen er full av krig, elende og politisk propaganda. Andre program var lite interesanne for meg. MEN: So kom Tussa fiber inn i heimen og brått opna det seg ei ny verd med mange kjekke kanalar. Det var Explorer og Discovery m.fl frå andre land og kontinent Folk treng oppbyggjande, givande, lærerike og morosame program. (Det er viktig å le) Fri oss frå voldelege skrekkprogram med djevelske vesen.. Kjekt å sjå ymse matprogram, og særskilt der ein får fylgje menneske som overlever av det som finnst i naturen. Fisk og urter som vert tilberedt over eit enkelt bål, medan dei går barbeint ikring og lovprisar dei enkle naturgledene. Ineressant å fylgje folk som lever utanfor sivilisasjonen, sjølvvalgt eller grunna geografisk forhold. Her har vi noko å lære utan at vi skal gjere akkurat det same. Sjølv er eg altfor innlevd i det moderne liv til å skifte beite. Men kanskje sjølvberging i nærkontakt med naturen vil bli ein realitet innan nær framtid om den industrielle og materielle eliten overtek?

Φύση/fissi = natur


2 kommentarer:

Anonym sa...

Godt skrive, Anne! Godt at det kom fiber i heimane våre! 😁👍

kreanne.blogspot.com sa...

Ja, men kven er du ?