onsdag 16. desember 2020

EI BOK

 

So har eg fått den mellom hendene.  Den lokalhistoriske boka som vekkjer veldig mange minner. Ulset, Hjørungavåg. Å ha ei papirbok, der ein kan kjenne papiret mellom fingrane, ligg i meg frå barndomen og seinare utdanning og arbeid i den grafiske bransjen. Lydbok er ikkje noko for meg. Enno! Ærleg, personleg og godt, skriv Nils Ola Strand om ei tid som var i bygda vår. Miljøet,  og ikkje minst lærarane som vi hadde, har delvis forma oss. Lærarar har ei utruleg viktig oppgåve og kan øydelegge eller hjelpe fram ein svakare elev. Frå mi skuletid minnest eg at nokre var favorittar, andre ikkje. Vi lærde å tolke dei etter kvart. Håkon Ulset hadde eg på realskulen i historie og tysk, om eg ikkje huskar heilt feil. Når han kom inn i klasseromet med spenstige steg og la veska fort på kateteret, ville vi bli spurde i leksa og senka blikka nedi pulten som for å gøyme oss. Kom han litt meir sigande og tenksam, blei vi ikkje spurde og kunne rette ryggane.  Ein flott lærar. På folkeskulen hadde vi ein som innimellom sende ei dotter eller sønene sine til å vikariere, når han ville ha ein fridag. Ja, tilmed kona ruva bak kateteret innimellom.  Ho ville helst vite kven som hadde vassklosett i heimen. Ærlege og lydige som vi var opplærde til å vere, rekte fleire av oss opp hendene. Andre ikkje. Slik blei vi klassifiserte utifrå gode og dårlege levekår. Dei frå litt dårlege blei gjerne erta. Anbefalast for alle Hjørungavågarar og dei som stammar herifrå.

Ιστορικο βιβλίο/istoriko vivlio = historisk bok

1 kommentar:

Nils Ola Strand sa...

Takk så mykje for omtalen! Ja, eg hugsar godt desse tidlege "gallupane" med handsopprekking på skulen. Ei jente i klassa visste ikkje heilt kva ho skulle svare. Dei hadde vassklosett i fjøset, ikkje i huset...