fredag 11. desember 2020

JULEGÅVER

 

I år ynskjer eg ikkje julegåver, har eg sagt. Men, om nokon likevel insisterar på å gi, er mitt ynskje, bøker og atter bøker. Gode bøker. Ikkje krim. Har nok av det i media. Eg veit også kven eg IKKJE gidd å lese, etter å ha studert bestselgarane i bokkatalogen: Sophie Elise, Linn Skåber, Jojo Moyes, Jan Thomas, Hadia Tajik og alle desse historiene frå krigen som dukkar opp heile tida. Mimring heile tida om det forfærdelege som skjedde for meir enn 70 år bør ein lære av, og nytte for å gjere verda i dag betre. Mange og verre ting skjer i dag, diverre.

Men, må eg tilstå, eg ynskjer meg Ulset, Hjørungavåg/Nils Ola Strand, dernest Mytting, Roy Jacobsen, Jan Fosse, Tore Renberg, Jan-Philip Sendher, Bibelens kvinner/Alf Kjetil Walgermo og fleire..

 Βιβλια/vivlia = bøker

1 kommentar:

Nils Ola Strand sa...

"Ulset, Hjørungavåg" er på veg 😀