Eg får fleire mannlege veneforspørslar på Facebook. Dei har alle gått i søpla. Likevel beit eg på ein. Det skulle eg aldri ha gjort. På bildet såg han både snill og sympatisk ut. Men som vi veit: «skinnet kan bedra». Eg svarte litt skarpt. -Kvar fann du meg og kva vil du med meg? Eit venleg svar attende om at å bli FB-vener var vel ikkje gale? Nei, det var no so..Vi hadde nokre greie chattar framover. Likevel stussa eg på at han ikkje hadde vener, familie eller slekt. Mor frå Australia, far norsk, men no død. Skild, ingen born. Var no på oppdrag i Nederland som ingeniør for Amstel oil. Eg veit at Amstel er eit kjendt ølkompani, men fann etter kvart noko som heitte Amstel oil field. Etter kvart blei det mykje dillepreik og sukkersøte kommentarar som eg ikkje har sansen for…lenger. Nokre ord virka googleoversette. Eg tok til å bli lei. Han ville ha kontakt med meg på Watchup. Eg installerte det, og sa eg ville prate. Han ringde aldri, sende berre meldingar. Eit tlf.nummer der merka eg meg, det vart sjekka og viste seg å vere ei pornobule i Amsterdam. DÅ blokkerte eg han. Fotoet han/dei har brukt er heilt klart stole eller manipulert. Om denne mannen eksisterar, er han isofall «misbrukt» på ein kynisk måte. So ver på vakt, vener. For meg blei det nok ei erfaring rikare, må eg vel seie. Eg vil sjølv velje mine FB-vener som vise til felles bekjente, og andre vener, helst face-to-face.
Σοβαρές επιλογές/sovares epiloges=seriøse valg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar