lørdag 24. juni 2017

JOMFRU MARIAS TÅRER


Somme menneske trår brått inn i livet ditt, når ein minst ventar det, set eit lite eller større merke, og forsvinn like brått ut att. Kvifor eg stoppa opp ved denne mannen, denne kvelden, veit eg ikkje. Vanlegvis styrer eg unna gateseljarar. Vi kom iallfall i prat, og Barba Fotis, synte seg å vere både lærd og språkkyndig. Ηadde klare meiningar om politikk, relegion og livet generelt. -Nordmenn og skandinavar er ulike europearar flest, meinte han. Dei liknar meir på grekarane. Venlegsinna og godhjarta!  Eg tykte det absolutt kunne diskuterast, men kjekt å høyre likevel. Mesteparten av tinga han selde laga han sjølv. Sidan oliventre står mitt hjarte nær, fall eg for eit armband med handsmidde og polerte perler av oliventre-ved. Eit anna perlearmband fanga også mi interesse, det likna hverken glas eller tre. Dette er jomfru Marias tårer, forkynte mannen. «Perlene» er frø frå ei busk som heiter nettopp det. Jomfru Marias tårer. Han hadde planta den utfor huset sitt. Legenden seier at ifrå Maria sine tårer ved Jesu kors, vaks denne vesle buska opp. -Aldri høyrt om, svarte eg tydeleg
skeptisk. Eg kjøpte det likevel. Eg likte historia. Tre-fire etniske greske som eg spurde, hadde heller ikkje høyrt om denne veksten. Ein person visste at namnet ofte blei brukt om liljekonvall. Litt googling gav svar. Barba Fotis hadde heilt rett. Ein slektning av planten, eller kanskje det er den same, kallast også Jobs tårer.
Begge armbanda blei varsamt polert med myrra olje, før han overrekte dei, og samstundes teikna han korset på handa mi, med same oljen. Må berre tilstå at eg kjende meg velsigna…

ΤΑ ΔΑΚΡΥΑ ΤΗΣ ΠΑΝΑΓΙΑΣ/TA DAKRIA TIS PANAGIAS = jomfru Marias tårer







Ingen kommentarer: