torsdag 1. juni 2017

EKLE SNEGLAR

Eg hadde gledd meg til å gå barføtt på nyspira, vårgrønt gras, denne tidlege vårdagen. Gleda fekk ein brå slutt. Eg glei på noko glatt og sleipt, og det var ikkje siste isklumpen frå seinvinteren. Der eg låg på enden og fekk nærkontakt med saftigt, lysegrønt gras, oppdaga eg mildt sjokka at plenen var invadert av ekle, små brune sneglar. Akk, har dei kreka seg hit også no, mumla eg sur og sint for meg sjølv. Ja, det var vel berre eit tidsspørsmål, ettersom «alle» andre har dei. Etter å ha stabla meg på føtene att, innsåg eg at grep måtte takast. Utstyrt med hanskar og kjøken-papir gjekk eg til angrep. Dei var ikkje vanskelege å finne i det doggvåte graset. Ei heller stakk dei fort av når dei ensa fare. Eg fekk dermed samla ein heil hær av inngriparane.
Vårmorgonane er enno hustrige på våre kantar. Vedomnen var fyrt opp. Den fekk uvant påfyll denne morgonen. Men sant å seie so avgir ikkje kremerte sneglar den beste varmen. Dei fekk iallfall ein «lun» daude, om ein kan seie det slik. (Vonar berre ingen melder meg til dyrepolitiet, hysj..)


κακος χοχλιος/ kakos koklios = Ekle sneglar

Ingen kommentarer: