lørdag 31. desember 2016

PUSEJUL

Om vi ikkje akkurat blei forviste til naustbjelkane denne jula, var det neimen ikkje langt unna. Julefeiring på vedhusloftet er vel mest det same, vil eg tru. Gardsfolket stikk av, hiv i oss ein sekk med turrfor og nokre dåsar med hundemat. Hundepateen er forsovidt ganske god, sant å seie. Men den vekkskjemde bissevoven et vel endå betre, der han set i jula. På hotell, næmleg. Jamen forskjel på dyr. Dronninga og eg skal no vel stå over høgtida trass i kulde og storm. Heldigvis har pelsen min grodd ut att. Yngste matmor skrella av meg gamalt skite skinn, i sommar. Naken mest inntil beingrenda var eg. Såg ikkje ut. Sånn sett har eg yngst opp att no, men dei gamle gledene er meg fråtekne. Bjellene mine er strypte. Snurpa saman av ein spesialist i lokalområdet. Dronninga er også fråteken all lyst, endå so ung ho er. Vi berre et og søv, drøymer og fantaserar om lekre julemus. Skjønt alle mus i mils omkrets er oppetne forlengst. Heller ingen Dum pap eller ei smellfeit meis let seg forville inn på tunet. Matmor har ikkje hengt opp kornband som lokkemiddel eingong. Nei, ei sorgens jul å melde iår. Med von om eit langt betre nyår til folk og dyr.                                                                           
                                                Beste helsing Eirik Lyseraude                     
(med påhalden pote)


Χριστούγεννα για γάτες /
kristougjenna ja gates =
kattejul


søndag 18. desember 2016

EI STILLFERDIG BOK

Eg har lese ei vakker bok. Ja kanskje noko av det finaste nokon gong.
Den gjorde djupt inntrykk. Eg blei verkeleg gripen. Bergteken. La meg synge deg stille sanger, er ein dagledags, vemodig og nydeleg skriven roman. Boka gir tårer i augene, ettertanke, og varmar i hjartet. Språket er sjeldent utsøkt skrivekunst. Les den i i stille, tenksame og  einsame stunder. Tankevekkjande om korleis ein lett dømer annleis medmenneske, uten å vite. Anbefalast!!

καλο βιβλιο/kalo vivlio = god bok

onsdag 7. desember 2016

NYHENDE


Vi set fleire ilag og ser på nyhende i TV-ruta. Mykje elende som vanleg. Vi skakast likevel opp av eit nytt drap i landet vårt – ei mor og eit barn. Grusomt. Forfærdeleg. Kven og korleis? Replikkane haglar: Sikkert ein utlending. Sikkert eit æresdrap…vi veit korleis «dei» er, har null respekt, fylgjer sine eigne lover, få dei ut…bla.bla.bla..Eg er også for å  «få ut alle» som ikkje vil/prøvar, respekterar våre lover, eller berre går inn for å gjere skade på landet vårt. Vi må respektere andre land sine lover når vi busett oss der. Eg har sjølv opplevd det. MEN: alle dei andre då? Dei uskuldige som flyktar frå totalelendet?. Dei som prøver/vil, toler og kjempar mot hetsen vår? Vi skal vere so voldsomt positive, so glade, hjelpe og gje. La oss gå i oss sjølve «vi gode menneske», som dømer alle som er annleis. Det finnst alltids ein grunn for at eit menneske har blitt som det blei. Nokon fekk tyngre bører å bere…men vi er alle Vårherre sine skapningar på denne jord, uansett kva vi trur og innbiller oss er rett. Å lytte, kjenne på samvitet…og føre kjærleiksbodet vidare, det største av alt..er mitt juleynskje
ΑΓΑΠΗ/agapi = kjærleik