fredag 31. juli 2015

EKSTREM SYKKELSPORT

..er flott, javisst..på eigna vegar og tilrettelagde stiar i bygd og by. Flotte er dei også å sjå på i forbifarta, om ein rekk sovidt  å observere dei tronge, grøngule kondomdressane, dei svarte moterette hjelmane og lynsyklane dei trakterar. Men akk..her tek det slutt for min del. Lær å ta hensyn til andre i vegen då, for i svarte… Eg lufta voven ein morgon klokka 6.30 og heldt kaffikrus nr 2 i handa. Håret  stod ikkje lenger rett til vers og nattbunaden var bytt ut til noko fleecelike i årets julikulde. Eg var soleis sømeleg kledd idet ein slik kondomkomet kjem lydlaust fykande frå ei totalt uventa retning. Nordafrå. Eg gjekk i sjokk og tilkalla voven, som måtte halde seg inne mest resten av dagen. Trudde faktisk ein var skjærma for unødig trafikk her i øydemarka på slike tidspunkt. I mi bondske naivitisme lufta eg hendinga for ei Osloveninne. Ho flira. Her også? I Tigerstaden fyk dei overalt. Bak deg, framfor deg, til venstre og høgre. Lydlause. Under at ikkje fleire ulukker skjer. I gamle dager hadde vi bjeller på sykkelen..kvar er den blitt av??

ΠΟΔΗΛΑΤΟ/podilato= sykkel

Ingen kommentarer: