RYDDEDAG
- Julepynten er
lagra i boksar og skap til neste jul. Det gjekk kvikt, som jula. Dagen i dag er grå,
våt og hustrig. Korleis nytte ein fridag på beste måte? Jau, sidan ein har
ryddeånda over seg, er det lurt å ta fatt på andre ting som skulle ha vore
ordna og rydda gjennom året. Alle papira, breva og gamle kvitteringar vert
sortert og brent. Omnen et alt, meinar husbonden, som lurer inn i elden både
det eine og hitt. Vi er usamde også der.
Frimerker på brev er eg nøye med å klippe av. Dei går til..ikkje Freetex,
men Tubfrim www.tubfrim.no/. I von om eit lite bidrag til ei god teneste.
Elles får SSR sitt bidrag i blådunken. Resirkulering er viktig, marmast det om.
Namngjevne papir går i omnen, som kvitterar med god varme på ein kjøleg
januardag
- MEPA YIA KAΦΑΡΙΣΜΑ/MERA YIA KAFARISMA = RYDDEDAG
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar