torsdag 1. januar 2015

NYTT ÅR

Ny dag, ny månad og ikkje minst nytt år!! 2015. Mangt å minnast. Mor mi hadde fyllt  90 dette året, far min 95. Slik blei det ikkje, og eg spør meir realistisk, i vonfyllt spaning, om kva året vil bringe. Ingen kan svare, skjønt både eg og fleire skumles stjerneanalyser, horoskop og andre klarsynte spådomar. Det stemmer sjeldent. Kanskje like bra..at vi ikkje veit..For dei fleste av oss vert det ikkje større endringane frå eine dagen i gamleåret til den andre i  det nye. Vi dreg uansett med oss håp og gode ynskjer om eit betre år for helse, lukke og fred på jord.  Sjølv har eg eit spesifikt ynskje som eg ikkje vil røpe før det evt. har gått i oppfylling. Neste årsstatus vil antaglegvis gi svar…
KAΛΗ ΧΡΟΝΙΑ ΚΑΙ ΚΑΛΕΣ ΕΥΧΕΣ/kali kronia kai kales efches = godt nytt år og gode ynskjer

Ingen kommentarer: