Eg «greip dagen» før sola rann. Denne dagen som eg
hadde grugledt meg til. Dei same tankane flaug gjennom haudet i dag som for 10
år sidan: eg ville klatre opp på ein høg fjelltopp: Kilimanjaro, Himalaya,
Lefka Ori, Everest eller what ever, og
berre sitje der totalt åleine…fundere over livet som gjekk so altfor fort,
draumar som brast, ting som vart annleis, alt eg har fått og alt eg har opplevd. Sjølvsagt har eg hverken
energi eller helse til slike fjelltrippar, skjønt det ligg langt inne å tilstå
akkurat det. Men realist bør ein vere. Innimellom. Eg tok likevel vegen fatt idet
nymånen gjekk ned og morgonstjerna stod opp, horisonten lysna og dagen grydde. Fuglane
jubla og dagen var min. Eg enda opp på ei aude strand. Og sidan sjøen ligg mitt hjarte nær, so
kjentest det heilt rett, på denne spesielle dagen, å slange seg på ei aude sandstrand, sjå på havet og bårene og filosofere over mitt innhaldsrike liv i
takksemd.
SIMERA = IDAG
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar