Livet er rart, kronglete og tidvis uforståeleg. Idet ein har
funne ei løysing, nådd eit mål, vert ein tvinga til å snu eller prøve ei ny
uviss lei. Livet gir ingen garanti frå dag til dag. Det er hardt og brutalt,
men også vakkert og godt. Mennesket prøvar
og feilar i livsskulen. Ingen kan gi karakterane bestått eller tapt. Heldigvis
finnst der vener i tvil og kvale-stunder. Vener som ser ein, kjenner ein, gir
råd, men mest av alt lyttar. Det er i slike stunder ein også ser kven som er
ein sann ven. Ei handfull av mine sa
desse varmande orda: Anne, vi støttar deg, uansett, kva du måtte velje…
For som Ferdinand Finne skriv: Man velger ikke alltid sin egen vei. Man forstår ikke alltid sin egen
vei. Først i ettertid ser man at slik, nettopp slik, måtte det være.
I SÅI EINE....LIVET ER..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar