tirsdag 21. mai 2013

GODT Å BLI ELDRE?

Ja, eg synest faktisk det. Eg lengtar ikkje attende til ungdomsåra. Alt har si tid. Og livet går i faser. Livsfaser som gjer at ein modnast og tenkjer annleis enn då ein var barn og ungdom. Alder skal gi visdom som vi skal gi vidare til komande generasjon. Skjønt kvar og ein må leve sitt eige liv og gjere sine eigne røynsler, likevel vi «gamle» kan gi råd.
I moden alder vert ein meir avslappa til mangt. Godt å sleppe å «ta på maske» og  forestille seg for det motsette kjønn, t.d. Eg veit kven eg er, kva eg står for og kva eg vil. Take it or leave it, om du vil bli kjend med meg…  Eg 4 fantastisk flotte born og har opplevd morslukka, som for meg har vore det aller største. Eg har arbeid og overkomeleg økonomi og sender ein takksam tanke til foreldra mine der oppe som lærde meg tæring etter næring. Helsa er OK. Landet eg bur i er fritt og godt. Om eg er uhemma lukkeleg? Nei, eg er vel ikkje det. Svarte dagar har også eg, med ditto lyse. Eit heilt vanleg liv, slik eg ser det. For å kjenne glede må ein også kjenne sorg. Eg anser meg som heldig, uansett…
NA GERASEI = Å BLI ELDRE 

Ingen kommentarer: