lørdag 25. februar 2012

Hårreisande godt..

Førre dagen kruna eg ein 8-dagers stri arbeidsbolk med skalleklipp. Ein ganske vellukka sådan. Ja ikkje fordi klippen forvandla meg til ei nysprotten rose akkurat, men det var alt det som eg fekk i tillegg, eller innbaka i prisen, som gjorde velværsstunda komplett. 
Eg veit det er vanleg å servere ein kaffikopp i frisørsalongar, ja tilmed champis på andre kantar av landet, men FOTBAD, har eg aldri høyrt vore tilbode før, medan fargesmurninga bit seg fast i hårbustene. Eg blei, må eg tilstå, litt forskrekka, men takka ja, fordi det høyrdest forlokkande ut. Og for mine overbelasta undersåttar gjorde det utruleg godt. I tillegg fekk eg velje mellom ymse kaffidrikker, kakao og..No valgte eg  reint vatn, sidan dette er ein biologisk salong og eg kort og godt helst ville ha det. Snacksen, ja for det fylgde også med, bestod av friske freistande gulrotpinnar og ein velsmakande dip.
Å drive business i dag er tøft. Det krevst fantasi og kreativitet. Masse ekte smil og god service er eit must, men fyrst ute med sprø påfunn som t.d. fotbad, kan vere det vesle ekstra som gir suksess.
KOMMOTIRIO = FRISØRSALONG

1 kommentar:

Randi sa...

Snakk om stell frå topp til tå! Herleg! :-)