tirsdag 14. juni 2011

QUE VADIS HELLAS?

Økonomisk kollaps. EU-lån.Streik. Demonstrasjon. Frustrasjon. Depresjon. Stikkord for solskinnslandet der sør siste tida. Den jamne grekar sukkar oppgitt: EU-medlemsskapet var eit gedigent mistak tredt nedover hovudet på oss. Likeeins dei såkalla hjelpelåna derifrå. Vi har alltid klart oss sjølve. Korleis i allverda har vi hamna i denne situasjonen?
Ja, den jamne grekar JOBBAR, trass i medieoverskrifter som hevdar det motsette.

Vanstyre. Korrupsjon. Uttyning av folket for høgst mulig økonomisk gevinst på fåe hender. Kvifor kan ikkje desse stillast for retten? Kvifor ikkje gå den pompøse maktsterke greskortodokse kyrkja nærmare i saumane? Kvifor ikkje selje noko av kyrkjesølvet istaden for arvesølvet? Ingen har vel oversikt over kva rikdomar presteskapet rugar på. Trengst det verkeleg så mange kjolemenn til å belære folket? Og kva med dei som har soge landet i årevis, ja generasjonar og salta formua i utanlandske bankar? Kom på banen og før heimatt noko av rikdomen. Still opp for landet som fødte og avla dykk.

Den jamne grekar har kriga, blødt, svetta, jobba og dyrka landet sitt i årtusen. Eit sterkt og stolt folkeslag. Grekarane vil kome gjennom denne krisa også, når einkvar papandreo og karamalis vert stilt for ein rettvis domstol.