Brød er brød, men likevel utruleg forskjellig rundt om i verda. Heimebaka er utvilsomt best. Kjøpebrød med svampekonsistens og ukjendt innhald er verst.
I ein kretisk landsby kjem brødbilen, gjerne bakaren, kvar dag, untatt søndag (han treng også ein kviledag) rundt mesimeri-tid. Middagstid. Dei 2-3 varme daglege måltida er ikkje fullverdige utan brød attåt. Det er ikkje snakk om finskorne brødskiver, nei det er tjukke grovskorne brødleivar. Kretensarane er glade i brød og kresne på brødet. Brød handlast i kilovis. Dvs. 1 kg = 1 stort ovalt halvfint, surdeigsbrød.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar