tirsdag 2. januar 2018

NYÅRSYNSKJE


I dette nye året vil eg prøve å bli meir takksam, også for den aller minste ting. Året som gjekk var tungt. Bearbeiding av sorger og anna motstand. Aldri har eg hatt fleire eigen- og sjukemeldingar, og desto dårlegare samvet. I år vil eg takke fyrst og fremst for mine fire, friske, kjekke born. Ei gåve som ikkje alle får oppleve. Eg har også hus og heim, nok mat, varme, arbeid, gode kollegaer og vener. Økonomien held også. Luksusmenneske har eg aldri vore, og vil aldri bli.  Eg takkar foreldra mine for det. Å takke og vere nøgd med det ein har, skal eg minne meg sjølv på, når eg ser lidingane blant folk og born ikkje so langt herifrå. Godt år 2018, godtfolk!!


Eυτυχισμένος ο νέος χρόνος/eftikιsmenos ο νεος κρονος = god nytt år

Ingen kommentarer: