torsdag 12. oktober 2017

HAUSTMYGG

Ikkje kan eg huske at myggen har vore aktiv i oktober her. Kanskje tek eg feil. Iallfall har desse agressive småtrolla dukka opp i desse kjølige nettene. Ok, eg ligg heile året, her og heime, med vidopne vindauge, men likevel...Temperaturen er lav nattestider i ein kretisk landsby på slutten av året. Det meste, fe og folk, roast ned etter ein hektisk og varm sesong. Berre ikkje myggen, tydlegvis. Den syng og summar kring ein innsomnande kropp. Irritert slær eg på lyset, står opp i ørska, med lokalavisa som myggmordvåpen, men då er dei borte vekk. Utruleg!! Likevel slær eg innimellom blink. Ein blodflekk festar seg på den kvitkalka veggen. Mitt blod, tenkjer eg, vekksløst til eit blodsygande, ufordrageleg og unyttig insekt. Vel,vel...eg somnar tilslutt...


 κουνούπι/konopi = mygg

Ingen kommentarer: