Det kan velte innover oss
i all si vrede. Gjere stor skade, gi oss uro og stor sorg. Det kan
ligge flatt og spegle fagre fjell og glitrande tindar. Det gir oss
mat, sælebot, trøyst og ro. Alle har vi eit forhold til havet og
sjøen. Alle verdsdelar på planeten vår er omkransa av hav. Vi er
alle avhengige av denne fantastiske, blå, uutforska delen av kloden.
Havet tek - havet gir. So sant. Som barn lærde eg både å frykte
og bli glad i sjøen, gjennom far min. Han kunne ikkje vore sjølivet
forutan. Alle fisketurane, all den gode sjømaten han drog til lands.
Ei trygg matauk, den tida, som eg ikkje sette pris på då. Ein
sjølvfylgje at ein tur på sjøen gav fisk til middag!! Havet var ein evig ressurs, som både gav mat og slukte alt, blei det sagt. Idag ser eg
det annleis, og ikkje minst verdien av det som var, fordi sjøen er ingen sjølvfylgje til god mat lenger. Fisk og sjømat kan vere full av plastikk, høyrer vi. Havet er enno ein ressurs, om vi ikkje ser på
blåmyra som ein drukningsplass for søpla vår. Vi må reinske det
opp etter oss, om vi, og etterkomarane våre skal overleve på
planeten vår
Η ΘΑΛΑΣΣΑ ΜΑΣ/ I falasa mas = havet vårt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar