søndag 13. desember 2015

3. ADVENT


Det 3. lyset må skine for kloden vår. Minne oss på å ivareta den vakre naturen ikring oss, inkludert dyra våre, som også er våre vener. Og ikkje minst for oss menneske som er sett til å "styre" det heile, men som ofte higar meir etter profitt og utnytting til eiga tilfredsstille, enn å vise takksemd for kloden som blei oss tildelt. Vi som krigar og drep for ein religion, ideologi eller kva vi no måtte tru på, istaden for å leve i forlik og kjærleik og gle oss over naturen sitt rike mangfald. Planeten vi bur på skal gå i arv, med gode liv for menneske og alt som lever.
Η γη/i gji = Jorda (jordkloden)

Ingen kommentarer: