Arkivfoto. (av hensyn til den skadelidande i noverande situasjon) |
Eirik Lyseraude har skaffa seg ein fiende i nærmiljøet. Kvar
kveld stikk han sørover og er borte vekk heilt til neste morgen. Då kjem han
luskande inn døra med blodigt, reve skinn, frynsete øyrer og såra blikk. Han er
so mørbanka at han orkar ikkje anna enn å sove i ei lun krå nær omnen. Han
oppnådde mykje omsut og sympati, fyrste par dagane.
Etter 3. dagen snudde
kjenslene til forargelse. - Du skal no aldri lære heller. Hald deg heime! Det er faktisk jul, skjenner
eg. Mi reprimande er likevel mild samanlikna med dei greske skjellsorda som
haglar over pelsdyret. Eg føler eg må ta
den arme skapningen litt i forsvar, tross alt, i frykt for at pusen skal få varige
psykiske mèn. -Husk han er KATT, ikkje hund. Kattar er sjølvstendige skapningar
og let seg ikkje dirigere. Nei. Jau, han forstår alt eg seier, Eirik Lyseraude
er ingen dumming, påstår mannen. Mulig det, men han gjer likevel akkurat det
som passar han. Og han er faktisk ganske dum, når han gong på gong går til
angrep på sin overmann, og ikkje kan ta tapet som ein ”vanleg mann”.
Husarrest, avgjer husbonden, då veit vi kvar han er. Tørkar
du opp etter han også? Ymtar eg. Svaret uteblir. Uansett skal vi gå inn i
nyåret med fred og fordragelegheit, bestemmer eg. Krig og elende skal vere attendelagt og gløymt.
GODT FREDFYLT NYTT ÅR
2013 =
EFTIXISMENO TO NEO ETOS 2013, ME IRINI!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar