søndag 25. desember 2011

ROMJULSKOS

Før Dagmar og Cato slær seg lause i vill og uhemma dans kring husnovene, har eg skalka alle luker, geleida smått og stort i hus og proklamert portforbod til stormdansen stilnar. Pus er sjeleglad, der han ligg ihopkrulla kring eit vedfang i omnskråa og mel i takt med kubbane som durar i omnen.
Sjølv har eg dykka ned i bokstabelen frå biblioteket og vandrar inn i den litterære verda i mitt eige tempo, der eg også kan skape mine eigne fantasifulle bilder. Fjernsyn er no vel og bra, men avgir mykje støy for slitne øyrer. PC-en kan aldri erstatte fritidsunderhaldning for meg. PC-en er og blir eit verktøy. Eit særs viktig sådan. Nei, bøker må eg ha...dei gir meg hjernepåfyll, horisontutviding, sanseoppleving og ikkje minst avstressing.

Ingen kommentarer: