KJENNETEGN PÅ EIN GOD LEIAR
Dyktige leiarar veks ikkje på tre – men dei kan framdyrkast utifrå godt to og rette vekstforhold. Dårlege leiarar vert meir omtala enn dei gode. Kvifor? Frustrasjon og misnøye er kilder til debatt.
Ein god leiar er engasjert, motivert, visjonert og diplomatisk. Den gode leiar ser og høyrer sine medarbeidarar. Kommunikasjonsevne både på internt og eksternt nivå, samt tillit og konstruktiv ærleg kritikk er viktig. Dagens leiar er forventa å ha gode menneskekunnskapar, dvs. empatisk innleving og psykologisk innsikt. Slik kan leiar finne fram medarbeidar sin styrke og beste evne, for dernest å nytte dette i samhaldet. Vinn-vinn for alle partar. Ein leiar er avhengig av medarbeidarar og må kunne tole upopulære innspel og imøtekome desse i ein sakleg debatt – til felles beste.
Å fylgje lovbestemte reglar er ein unevneleg sjølvfylgje. Diverre finnst det leiarar som prøvar å køyre sikksakk mellom desse. Ein god leiar kan spegle seg i glansen av firmaet/institusjonen sin framgong. Gjennomtrekk av medarbeidarar kan vere eit teikn på dårleg leiarskap.
Ein leiar, av både større og mindre menneskegrupper, har ei viss makt. Ein herskesjuk leiar kan soleis gjere uboteleg skade. Døme på menneske som har vorte psykisk nedbrotne og utfrosne frå arbeidsplassen, er mange. Vegen mot sjukmelding, uføretrygd, antidepressiva og anna rus, er kort. Dette slær attende på oss alle. Ingen, som ynskjer eit sunt, godt og opplyst samfunn, er tente med slikt. Rapportering av urettvise og regelbrot er ikkje berre naudsynt, men også ei plikt, overfor fellesskapet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar