søndag 26. juni 2011

                                                                                  
Fortryllande morgonstund
Dei fyrste sildrande solstrålane gjennom grønt bladverk. Jublande fuglekvitter. Ein muntert klukkande bekk. Engsoleier som nikkar ivrig i brisen. Rhododendroen  full av summande humler. Fjerne måkeskrik. Stille husfred. Kaffikoppen klar med gørsterk væske. Med skriveblokk på knea, penn og briller sig eg ned i godstolen kl 7 ein midtsommars-morgon.  Ei salig morgonstund fylt av tankeflukt, filosofering, takksemd og livsglede. Kan eg la vere å dele dette? Carpe momentum - carpe diem!!! Grip stunda - grip dagen....

Ingen kommentarer: