fredag 5. januar 2018

LETTVEKTAR

Jula og og den feite matflyten er over. Heldigvis. Eg har vonleg ikkje ete meir enn normalt. Eg har alltid vore ein lettvektar. Etter 4 svangerskap og overgongsalder har eg siste åra lege på 64-66 kg, noko som sikkert er mi idealvekt. Forrige dagen gjekk eg likevel på vekta, mest for moro skuld. 70 kg! Som sagt åt eg ikkje unormalt mykje i jula. Ok, eg kunne ha trimma litt meir, ikkje minst for å få vekk ein upassande mage. Må tilstå at eg vart litt skræmd, ja. Lurte på om eg var på veg til å bli overvektig. Isofall måtte kraftige grep takast. Dagen derpå gjekk eg på vekta igjen, meir for å stadfeste at gårsdagsvekta ikkje kunne stemme. 88 kg!!! Synte digitalvekta. Eg gjekk av og på fleire gongar, og ja, eg hadde brillene på! Kleda eg har hatt siste åra passar enno, tenkte eg. Noko er heilt splitrande gale. Vekta, sjølvsagt. Nye batteri, antaglegvis. Ei saumfaring av batteriinngong på den flatdesigna vekta gav ingen resultat. Den var pottetett på alle kantar. Hersens digitale nymotens greier som er konstruert for å vare berre ei viss tid. For ei tid vi lever i...
Eg hivde heile vekta. Klarer meg godt uten, og kjenner sjølv når livreima vert stram eller slakk.
Τα κιλα/ta kila = kiloane

Ingen kommentarer: