fredag 8. desember 2017

DEPRESJON

Dei fleste har nok opplevd det i større eller mindre grad. Depresjon og melankolisme. Vi er alle ulikt samansette, og det er utfordrandre å skjøne andre sine små og større humørsvingningar. Respekt er viktig. Ingen veit kva den andre kavar med, og ein bør vere varsam med å døme. Bølgedalar høyrer med til livet. Somme dalar er djupare og vanskelegare å klatre opp ifrå. Ein treng tid. Ein vil helst vere åleine, ikkje uroe andre. Likevel er det viktig å gå ut og treffe andre menneske. Personar som lyttar, gir råd, som let deg gråte, som let deg skjøne at ein er prissett i ein krevjande jobb, blant kollegaer og vener, og elles i samfunnet. Vi treng alle slike små positive teikn, og eit lite spark for å kome oppatt av djupedalen, når vi er nede. Anne Cath. Vestly, kalla seg sjølv periodemelankoliker. Eg likar det ordet, og kjenner meg att. Men kven skulle tru det om denne flotte og positive kvinna? Eg kjenner meg heldig som har ein sympatisk lege, ein forståingsfull sjef, gode kollegaer og venner. Særskilt sensitiv er eit nytt begrep/diagnose. Eg kjenner meg att her også. Ein høyrer lite om depresjon blant sterke framstormande personar. Har dei manglande eller mindre empati og hjartekjænsle? Å vere happy til eikvar tid er ikkje menneskeleg. Alle kan spele lukkeleg, men det kan ha sin pris i lengda...

ΜΕΛΑΓΧΟΛΙΚΟΣ/melankolikos = melankolsk


Ingen kommentarer: