tirsdag 21. november 2017

UBETINGA KJÆRLEIK



..ja kva er no det? Kjærleiken har mange former. Ubetinga morskjærleik til eit nyfødt og veksande barn. Skjønt borna, heilt oppi vaksen alder, vil alltid ha ei mor sin ubetinga kjærleik, trass i reprimander og heite diskusjonar. Ubetinga kjærleik gjeld også dyr. Ein hund som lograr og er lukkeleg over å sjå deg. Eller ein katt som mæl og stryk seg inntil deg. Eg er so heldig å ha to flotte og kjærlege pusar. Dei er ikkje storforlangandes,
men tek imot det dei får av mat og kos. Den gamlaste ventar utfor døra og «helser» alltid før han går til matfatet. Ei malande runde kring føtene, litt klapp og kos, før han et litt, sleiker potane, ansiktet, resten av kroppen og legg seg til ro for å sove. Heldige meg som også har ei gamal tante på Kreta, som lyser opp kvar gong ho ser meg, og fortel meg kor glad ho er i meg!! Utruleg, men eg ser at ho faktisk meinar det. Godaste tante Maria! I eit parforhold er det litt annleis.. ein forpliktar seg, men forventar også. Begge har eit ansvar for at kjærleiken skal halde. Hverken rett eller lett at berre eine parten skal gi. «Fyrst når ein får ansvar for eit anna menneske, vert ein skikkeleg vaksen», las eg ein stad....
Unntak finnst, veit vi.

άνευ όρων αγάπη/anei oron agapi = ubetinga kjærleik


άνευ όρων αγάπη/anei oron agapi = ubetinga kjærleik




Ingen kommentarer: