torsdag 10. august 2017

HOBBYGARTNAREN

Han er ingen innemann. Utelivet, på alle vis, overalt, heile døgnet, i nord og sør, høver han best. Snømåking, fiske, vedhogst, plenklipp og ikkje minst, grave og plante i jorda, gir kanskje størst glede. Planteplanlegginga tek tidleg til. Frø vert innkjøpt frå sydlege strøk i stor optimisme og tru på at at alt vil gro, trass i sunnmørsk lunefullt klima. Drivhus er montert og godt tjora i ei lun krå bak ein
gedigen vedstabel. (Synnavinden fauk avgårde med det fyrste.) Her skal sydhavsfruktene florere. Melon, squash, tomat, agurk, paprika og ulike bønnesortar. Og han får til det meste med jamn vatning og gjødsling. Berre melonspirane uteblir med frukt, spede grøne blad som ikkje heilt trivast i framand jord. Han undrast svært, kvifor. I åkeren er potetkålen kjempehøg.
Sauegjødsel + kunstgjødsel har gjort susen. Lauk, salat og brokkoli lovar også godt. Raudbete og gulrot ser ut til å kvelast av vassarv, og uttynning er enno eit ukjendt begrep. Ingenting skal gå til spille. Til slutt går alt som ikkje tynnast, til spille. Pytt, pytt, det kjem ein ny vår med nye sjansar, dersom lærdomen frå fjoråret gjekk inn då...til den tid er ein ganske so sjølvforsynt med mykje sunt og godt frå eiga jord og er takksame for det.


Ο κηπουρος / o kyporos = gartnaren 

Ingen kommentarer: