lørdag 9. juli 2016

TORNEROSEDRAUM

Tenkjer seriøst på å anskaffe eitpar geiter som kan meske seg med småskogen og det saftige veggrøftgraset. Kommunen har gløymt oss, eller rettare, dei sparer der dei kan, og utkantane er tydelegvis ei innsparing for grønt- og parkanlegg, eller kva denne utgiftskontoen kallast. Eigen eigedom er sjølvsagt eigar sitt ansvar. Private områder i nærleiken er eit sårt emne, sidan eigarane er eldre menneske med nedadgåande kapasitet. Tussa, derimot, har stor kapasitet. Dei har eit ansvar og ei viktig oppgåve å reinreinske stolpane sine. Kjem ein igjennom på telefon er svaret at dei er overarbeidde og rekk ikkje over alt. Hmm... I andre private firma leiger ein inn ekstrahjelp når oppgåvene vert for mange..Om eg tykkjest sutrande og klagande, vil eg berre nemne faktum som har vore påpeika lenge ifrå fleire hald: Norge gror att, av skog og kratt!! So set eg her då, inni jungelen, og tronar, som ei anna Tornerose, og har mest lyst til å sovne ifrå alt, i løynleg von om å vakne etter 100 år, ikkje til eit prinsekyss akkurat, men til velstelte vegkantar, nedklipt gras og skog, og eit strålande utsyn over bygda, den vakre, og fagre fjell og fjordar.. 

oneiro/oniro = draum  

Ingen kommentarer: