søndag 3. mars 2024

UNDRING

 Kvifor har eg ein tendens til å lytte til og tru på negativ omtale meir enn positiv? Ei svakheit sikkert. Ved å oppsøke kjelda får ein som regel rett svar i uvissa.  Men kven gjer ikkje feilvurderinga i livet? Det er menneskeleg og kallast livsrøynsle. Eg har teke mange sjangsar, opplevd motgong, men også medgong. Eg kjem til å ta nye sjangsar, for eg vil ikkje ligge på dødsleiet og angre på sjangsane eg ikkje tok, som kunne ha gitt meg store opplevingar. No står eg overfor ein ny stor sjangse. Den er eg villig til å ta. Ja. Om det vert gevinst eller tap…ja det får vise seg. Åtvaringane har allereie strøymt inn. Eg fylgjer magekjensla. Den er ikkje alltid til å stole på, men ofte. Andre sine vurderingar og åtvarslar er greitt å ta med, men avgjersla må eg, og eg åleine ta. Ingen andre.  Ei eventuell feilvurdering vert også mitt ansvar, åleine …

-don't let side distractions take your joy away. Sosant!!

 
Aπορώ/aporo = undring

onsdag 31. januar 2024

EGIL VÅR


Ja kven skulle tru... men kva veit vi eigentleg? Ingenting. Likevel skulle vi oppleve dette å stå att i vantru og sjokk utan klare å fatte at du aldri kjem att. Du var so livsglad, rastlaus, nyfiken og ville oppleve mest mulig. Ingen kunne hindre deg i å slenge deg på eit fly og reise vekk. Du var deg sjølv, impulsiv og alltid klar for ei ny oppleving.  Somme vil nok kalle deg egoistisk. Men du var berre slik. Du var Egil, og vi var glade i deg og aksepterte deg som den du var, skjønt vi rista mang ein gong på haudet.  Du var likevel tilstades der du var om det var heime eller borte.

Brått var det slutt. I eit anna land, i ein annan by, langt heimanfrå, langt frå Kreta også, som du var so glad i. Dei kalla deg Agele, som betyr engel, og var lettare å uttale enn Egil. Venner fekk du overalt, gavmild, raus  og snakksalig som du var. Men var dei verkleg venner alle som hang rundt deg?  Berre kvar og ein kan tenkje over det no. 

For meg var du meir enn ein nevø, du var også ein ven. Vi hadde god kontakt og mange fine samtalar. Du vil bli sakna i veldig lang tid, Egil, ja for alltid. 

https://youtu.be/dJbKhQv2xQw?si=npufZ-k7qTbP6MmU 

Παναγιώτης Ψάλτης - Άγγελέ μου

Αγγελος/agelos = engel

søndag 31. desember 2023

ÅRSSTAUS

Siste dagen i året. Dagen for minner, tankerydding og framtidsplanar. Minna kjem krypande, ikkje berre frå siste året men også frå andre år. Menneske som har stått meg nær og no er borte. Eg tenkjer spesielt på livsglade Marit. Skjønar ikkje kvifor du skulle takast ifrå oss i din beste alder. Aldri om eg gløymer deg. Året som snart er ute var også blanda med gleder og nokre sorger. Reiser til både Kypros og Kreta. Møte med nye folk, og nye bekjentskap vart knytte. Bryllaup og barnedåp. Sist i august kom mitt 5. barnebarn til oss. nydelige Miranda Marina. 
I oktober forlet min trufaste gode pus, Eirik Lyseraude, denne verda. Rett etter, var det voven vår, Box, sin tur.  Dernest kom ein fantastisk person totalt uventa inn i livet mitt. Ordet positivitet fekk ny meining, og blei eit motto mellom oss. 
Ei ny veninne, kom som fylgje av ein luring som prøvde seg på oss begge. Han blei sjølv lurt, og forsvant fort.  I oktober blei også siste kapittel i eit over 30 års langt ekteskap, signert og avslutta. Ingenting varer evig, veit vi. Livet går vidare, og neste år vil definitivt gi meg nye bekjentskap og hendingar. Eg helser 2024 velkomen! Godt nytt fredens år til dykk alle.


ΚΑΛΗ ΧΡΟΝΙΑ /KALI KRONIA = GODT NYTT ÅR




torsdag 30. november 2023

BANKAR NOTILDAGS


Eg ville overføre ein større sum til ein person eg kjenner godt som hadde familieproblem. Det blei avtala som eit lån oss i mellom. Bankforbindelsen min stansar overføringa og grunnar det som svindel fordi pengane skulle gå til utlandet. Seinare vert det bestemt at det skal gå via ein norsk konto. Heller ikkje det vert godteke. Eg vert grundig intervjua av ei «revolverdame» frå hovedkontoret i Oslo og synest det er direkte ubehageleg. Eg prøver overføre pengane mine til Revolut, ein bank eg brukar ved overføring til utlandet. Eg har du familie utanlands. Jammen klarer dei å stoppe det også. Kva er dette for slags inngripen i min personlege økonomi? Eg er sjokkert. Eg prøvar ringe kundeservice. Der har dei alltid lang ventetid, enten det er morgon eller middag Men dei kan ringe meg opp att utan at eg misser plassen i køa. Det gjer dei aldri. Dette har skjedd utallige gongar. Eg får omsider min personleg bankrådgjevar på tråden som meiner eg må kontakte nettopp kundeservice. Utruleg. Eg går til ein annan bank. Ber om å få sette inn pengar som igjen skal trekkast/overførast vidare. Er eg kunde her? Nei det er eg ikkje. Då kan vi diverre ikkje hjelpe deg.

Aldri har eg opplevd slik dårleg behandling av nokon bank før. Eg skal avslutte mitt kundeforhold til noverande bank, og eg skal heller ikkje opprette nytt kundeforhold med banken som « diverre ikkje kunne hjelpe». Heilt utruleg og bånn service!

 Τράπεζες συμερα/trapeses simera=bankar notildags


fredag 24. november 2023

SLETTA VENSKAP


I dag såg eg meg nøydd til  å slette og blokkere ein god ven gjennom ei tid. Han var ikkje ærleg, og det likar eg dårleg.  Ein vil som regel tru det beste om eit menneske, mange utnyttar diverre det. Lett å tru på fagre ord og løfter. Han visste kva kjensler han skulle spele på. Trist for det slær attende før eller seinare. No vil han få oppleve at han valgte feil person som ven. Eg har sagt fleire gongar og meinar det: Den som køddar med meg vil få det same attende pluss meir. Ein gedigen krangel der vi begge påstod det same, at andre part var falsk og ikkje hadde meint alt som hadde blitt sagt. Eg blei veldig lei meg, men valgte å gå til det steget å avslutte venskapet og blokkere. Stille og roleg. Eg kjem likevel til å å sakne deg, vennen, dei gode samtalane og at du vekte meg nesten kvar morgon med eit godord. Dette måtte likevel bli som det blei.  Lukke til vidare på ærleg vis.

Τιμιότητα/timiotita = ærlegheit

mandag 23. oktober 2023

EINSEMD

 Eg har bevega meg inn på ei hittil ukjend og litt nifs plattform. Utforsking er mi greie. Og kva finn eg her? Noko bra og noko stygt. Utruleg mange einsame, søkande menneske. Veldig mange. Nesten alle vil ha treff. Her må eg sortere og bruke magekjensla. Vanskeleg. Eg bestemmer meg for 3-4. Ein fell fort ut. Hadde for store forventningar. Dei 3 andre heng på. Den eine er for god til å vere sann, etter ein del chat, er han faktisk det likevel. Møte vert avtala. Spenninga er høg..Likar dårleg å bli lurt, men har lært nokre knep. Og etter avsløring har dei stokke av eller vorte ganske so audmjuke. Men som sagt eg sansar misnøya og einsemda skrike mot meg her inne. Her er også mange med «maske». Etter kvart fell den av. Eg blir betrudd mykje. Er nok lettare å opne opp til ein ukjend som vil forsvinne uansett. Eg må stenge av. Fått vite meir enn nok om denne skjulte marknaden, og om ting eg helst ikkje vil høyre.  Men, nok eingong er eg ei erfaring rikare..

Μοναξιά/monaksia = einsemd

 

onsdag 27. september 2023

TA SJANGSEN

Innimellom kjem den snikande kjensla av å ha blitt lurt. Fine ord kan gjere kven som helst smigra. Kven likar ikkje ros og godord? Men låg der ein skjult undertone, tru?  

Ingen vil bli lurt.Å vere ærleg ligg i dei fleste norske folkesjeler, skjønt det tek til å bli utvatna. Likevel, sjangsar må ein ta avogtil. Kanskje blir det blink, kanskje ikkje. Å gå glipp av det store eventyret fordi ein ikkje vågar, ville vere svært trist. Men det finn eg utav. Det har eg gjort før.  Den som vil halde moro med meg, skal også få moro tilbake. Eg bestemmer meg derfor å ta sjangsen.  Om alt er løgn er han ein fantastisk god løgnar. Og eg ei erfaring rikare...

Ευκαιρία/efkeria = sjangse